| HEIM | DRAKT/REPLIKA/FORMIDLINGSREKVISITA| YNGRE JERNALDER | | MOD. C |
 

VIKINGTID KVINNEDRAKT mod. C (Køstrup-Vangsnes)

 
 

Modell C skal representere siste halvdel av vikingtida, og byggjer særskilt på draktfunna frå Köstrup i Danmark og Vangsnes, Vik i Sogn.

Til drakta høyrer ein ankelsid serk i ubleika lin, kanta med tvinna snorer i blåtonar. Over er ein selekjole i blå ullkyper, med selar i same stoff, og plissering øvst i bringa. Mellom selane går eit brikkevove band med to tvinna ullsnorer i blåtonar på kvar side.

Til føtene høyrer eit par reimstøvlar basert på funn frå Hedeby.

Siste plagget er ei rektangulær kappe i tjukk ullkypert, kanta med pels (imitasjon). Kappa vert helden på plass av ei treflika spenne.

Til drakta høyrer vidare dobbeltskala, ovale spenner basert på C 3579 frå Strømsund, Nes i Akershus (Rygh 652).

Arkeologiske utgravingar av eit gravfelt på Køstrup på Fyn i Danmark har gjeve eit vesentleg bidrag til rekonstruksjon av vikingtidas kvinnedrakt. Grav ACQ inneheldt restane av ei kvinnegrav med ovale spenner, skrin, perler, kniv med slire, lykkjel, og tekstilrestar. Mellom tekstilfragmenta er delar som kan rekonstruerast som øvste frontpartiet av ein selekjole. Kjolen har hatt eit parti med plissering mellom stroppane, og eit brikkevove band med fleire tvinna snorer spent ut mellom stroppane.

Fragment med plissering, frå selekjole, Køstrup grav ACQ.

 

 

 

Fragment med plissering, frå selekjole, Vangsnes, Vik k., Sogn og Fjordane (B 5625).

 

Frå Vangsnes, Vik k., Sogn og Fjordane (B 5625) kjem eit liknande fragent ed plissering. Saman med fragmentet låg ovale, dobbeltskala spenner av typen Rygh 652.

 

Replika av ovale spenner, C 3579 frå Strømsund, Nes i Akershus (tilsvarar Rygh 652). Her montert på kvinnedrakt mod. B. Spennene er laga som ekte todelte/dobbeltskala spenner, delane nagla saman, og naglene gøymde under støypte blyknoppar.